Tuesday, 30 April 2013

Monsterprinsesser og andre psykopatar

Etter å ha lytta til samtalen Psykopatene blant oss (ikke alle har evnen til empati) hjå Levevei.no, mellom vert James Alexander Arnfinsen og psykolog Anne Brudevold, vart eg alvorleg oppskaka. Omgrepet ”monsterprinsesser”, meint som ei beskriving av trassige småjenter i førskolealder, fekk med eitt ei langt alvorlegare meining. For sanninga er at nokre av desse er framelska, med trykk på elska, barnepsykopatar. Dei er ekte monster, skjult bakom store barneaugo, søte oppstopparnasar og blonde krøller.


Og der satt eg med dotter mi på to år og to månader. Hadde eg avla fram eit monster? Hadde eg elska ho i hel? Kvifor lytta eg ikkje til det gamle visdomsordet om at ein tuktar den ein elskar? Eg trudde dette stamma frå Paulus, men etter eit lite søk på Google viser det seg at det er henta frå ordspråka 13,24 i det gamle testamentet. Med eitt prisar eg meg lukkeleg for den kortlunta kona eg har fått, mitt langsame totenske sinnelag passar nok heller dårleg ilag med barneoppseding. Kanskje er ikkje dotter mi, ho eg elskar so høgt, tapt lell?

Barnet sitt, eller kan hende er det rettare å kalle det foreldra sitt store moglegheitsvindauge, er vidopent når barnet er mellom eitt og to år gamalt. Frå toårs alder vert dette vindauget raskt lukka, og har ikkje barnet fått dempa egoet sitt i dette tidsrommet er toget gått. Då har det vorte ein altoppslukande egoist, med andre ord ein psykopat. Difor er stikkordet grenser. Aldri treng barnet grensesetting so mykje som i det andre leveåret, rett nok kjærleiksfull grensesetting, men for all del ikkje kjærleik åleine.

Det er underlege, nesten sjølvmotsigande, at viss barnet får for mykje kjærleik mistar det evna til empati. Aldri er det enklare å leva opp til Jesu kjærleiksbod om å elska nesten sin som seg sjølv, enn når ein held sitt eige vetle born i armane. Å vera streng, å setja grenser for dette vesle nurket, som du ikkje berre elskar som deg sjølv, men høgare enn deg sjølv, kan vera ei utfordring. Ikkje minst i eit velstandsland som Noreg, der kampen for tilveret berre er eit fjernt minne, og ein kan overause den vetle med tid og ressursar.

Anne Brudevold forklarar i intervjuet at evna til empati ligg i orbitofrontal cortex, og at grunnlaget for denne evna vert utvikla i det andre leveåret. Engelske forsøk konkluderer med at viss frøet til empati ikkje får rotfeste i dette tidsrommet, vissnar det hen og kan ikkje såast på nytt. Forsøk på å bota på skaden kan tvert om gjera vondt verre. So den harde sanninga er at eingong psykopat, alltid psykopat. Men når evna til empati fyrst er utvikla, anten denne er stor eller lita, kan ho både øvast opp og minskast seinare i livet.

Korleis kan naturen ha vore so tverr, so omsynslaus? Elles er jo menneskehjernen kjend for å vera særs plastisk. Eg trur det kjem av dei harde tilhøva menneska vart evolvert fram or, der det i kampen for tilveret ikkje var overskot til å dulla med ungane meir enn høgst nødvendig, samt at barna var del av ein utvida fellesskap, stammen, som alle var med å setja grenser både for foreldra og det vetle barnet. Under desse tilhøva fekk ungane ein genuin tilknyting både til foreldra og ein større fellesskap. Ei kjærleiksfull tilknyting med klare grenser, den beste oppskrifta for å få eit empatisk barn.

På same vis som vi i dag har ein fedmeepidemi hjå ungane våre, trur eg vi òg har ein psykopatiepidemi. Mengda av feittceller vert sett i barndomen og kan ikkje reverserast, om lag slik er det òg med psykopati. Evolusjonen tok beint fram ikkje omsyn til at mennesket ein dag skulle verta omgjeven av grenseslaus overflod, brotne slektskap og isolerte einebustadar. Psykopatar fanst neppe i dei gamle steinaldersamfunna, på lik line med at overvekt var eit ukjend problem.

Dei fleste har vel ein tendens til å tenkje om psykopatar som brautande karar med buskete augebryn, slike som Josef Stalin, men vonleg er det berre testosteronet som lurar oss. Utvilsamt, Stalin var ein psykopat. Det vert fortalt at han forakta den eldste son sin, og då sonen som ung mann freista å ta livet av seg, kula gjekk gjennom kroppen men han overlevde, håna Stalin han for dette òg. Med eit glis sa han: ”Ha, han bomma”, med det meinte han at han ikkje eingong greidde å ta livet sitt. Å vera i familie med Josef Stalin var ingen spøk.

Sonen til Stalin vart ein nevrotikar, neppe so rart. Og eg tenkjar; kan vi her sjå ein vond sirkel? Der borna til ein psykopat vert nevrotikarar som elskar ungane sine i hel, då dei overauser dei med den kjærleiken dei aldri fekk frå foreldra, slik at ungane deira i sin tur vert psykopatar att, nett slik som faren?

Men dei fleste psykopatar kan ikkje lita på styrken sin og brauta seg fram slik som Stalin, so dei tyr til andre taktikkar, ein mykje meir subtil vondskap. Dei er meistrar i å finna fram feila dine og bruka dei mot deg, slik at du tenkjer at kanskje har han/ho litt rett lell, og slik bryt dei deg sakte men sikkert ned. Det er ikkje noko ein psykopat ynskjer meir enn å få deg til å opna deg for han eller henne, å letta sjela di, for soleis å vende det dei har fått veta mot dei ved eit seinare høve. Nett difor vert so ofte svake menneske eller menneske i ein vanskelig livssituasjon trekte mot psykopaten, fordi desse stend fram som so flinke til å lytta, og dei overauser deg med traustnande ord slik at du held fram med å blottleggja deg sjølv. Stakkars deg!

Psykopaten kan vera det ynkelegaste menneske, eller det mest storarta, ho som er med i misjonsforeininga og tykkjest som det mest oppofrande av alle Guds barn. Ofte har psykopaten ein høg moral og eit godt omdøme i grannelaget, og kan vera sers intelligent. Men han eller ho kan òg ha eit intellekt nær null, slik at vondskapen deira nærast vert komisk, om lag som Stinky i Mummidalen. Det einaste dei har sams er grandiositet og manglande empati.

Diverre er speilnevrona i beste stand, so dei har ikkje noko problem med å spela at dei er lei seg, glade, endatil deprimerte. Men dette er berre eit intellektuelt spel utan nokon kjenslefylt oppleving. Speilnevrona sitt ein heilt annan plass i hjernen enn empatien. Difor kan dei spela empatiske, men dei anar ikkje kva empati er. Dei er ikkje til for andre menneske, det er berre andre menneske som er til for dei. Difor endrar dei òg brått sinnelag viss du ikkje jattar med dei eller du går dei imot, då dei ikkje aksepterer at nokon stend i vegen for dei, eller aller helst ber dei på armane sine. Som menneskje har du inkje anna meining for dei enn å vera reiskapen deira, ein slave for deira lykke. Likeverd anar dei ikkje kva er. Dette av di dei ser seg som over alle andre, dei er dei største, dei beste, dei mest moralske, og er det noko som skjær seg i livet er det i alle fall ikkje deira skuld. Grandiositet og manglande empati, dette er dei to fremste kjenneteikna hjå psykopaten.

Sjølv er eg ein varm tilhengjar av inngruppe-demokratiet, slik dette er foreslått av humanøkologen Terje Bongard. Men viss det er slik eg trur at overflodssamfunnet og moderne samfunnsstrukturar fungerer som ein inkubator for utklekking av psykopatar, undrar eg kva for konsekvensar dette kan få for inngruppa? Er ein uheldig kan ein risikere å hamne i ei inngruppe med både to og tre psykopatar, neppe ei lukkeleg skjebne. Eg veit ikkje kva svar Bongard har på dette spørsmålet, men eg er viss om at det må diskuterast nøye før vi vonleg tek steget inn i inngruppe-demokratiet.

For dei som er interesserte i teologi vert det heile enda meir innvikla. Gjeld ikkje frelsesbodskapen for psykopatar, då dei er ute av stand til å kjenna skuld? For eit paradoks at den aller største kjærleiksgjerninga, då Jesus døydde på krossen for å gjenforeina menneska med Gud, ikkje skal omfatta barnet som mista evna til å erfara kjærleik av di foreldra misforstod kva det tyder å elska eit barn. Heller ikkje so rart, då vi i dag vert tuta øyra fulle av kor viktig det er å ikkje vera bråe men kjærleiksfulle, slik at ungen kan verta trygg på seg sjølv.

Eg kjenner meg svolten av all denne skrivinga og tenkinga, det kunne gjort seg med ein matbit. Knekkebrød med brunost er tingen. Dotter mi vil òg ha, men ho kastar brunosten på golvet og vil ha syltetøy. Men eg gjev ikkje etter no, kan hende står moglegheitsvindauget hennar enda på gløtt? Ho ligg på golvet og skrik etter syltetøy, men eg tek knekkebrødet og brunostskiva og seier at då vert det ingenting. Når ho skjønar at eg meiner alvor vert det lell greitt med brunost. Vonleg ville ho berre testa meg, truleg skjønar ho at eg har vorte strengare, eg har vorte so hard som eit farshjarta kan klare det.

Rett som det er tykkjer eg at eg ser ein kjærleg varme i augo hennar, og eg vonar det ikkje berre er eit fata morgana eg ser, men verkeleg empati. Kanskje ei frukt av temperamentsutbrota til kona mi, noko eg tidlegare klandra ho for? Eg er evig takksam til kona mi, som har gjeve meg dotter mi ikkje berre ein, men vonleg to gonger. Tek eg ikkje feil ventar det meg eit langt og godt liv i lag med dei begge. Vetlejenta mi eit monster, nei, det får eg ikkje til å stemma. Ho er berre ei prinsesse. Prinsessa mi!

Publisert hjå Levevei den 29. april 2013. Republisert hjå Kulturverk 15. mai 2013.

Relatert:

Thursday, 25 April 2013

Alien Geometry Invades Kigali, Africa

Our generation has willingly chosen to promote and build anxiety-producing buildings, while at the same time destroying what is left of life-enhancing geometries. The media is successful in convincing the rest of the world to import these designs into the remotest regions of the world, and to erase their own architectural traditions. The developing world has been sold the image of anxiety-producing architecture as the key to modernization, and as being essential for social and economic progress. – Nikos A. Salingaros, Twelve Lectures on Architecture, page 161
Kigali’s master plan. Illustration: World Architecture News

The “starchitects” and their soldiers (with Le Corbusier as their evil idol) are about to invade the very core of Africa, dropping silent bombs of terror and anxiety onto the African landscape. This is now to be done by altering Kigali, the capital of Rwanda. Their mission is to make the city part of the global monoculture of economy and architecture, reducing Africans to being subservients of corporate laws and structures. To fulfill this process they have to eradicate all traditional African architecture, ripping the heart out of the African soul.

Africans, please revolt against this crime against your heritage and character. Don’t allow yourselves to be enslaved again by white man’s dogmas — this time in the evil shape of Modernism.

Further reading:
Published at Permaculture News on April 28, 2011

Med hovudet i Riftdalen

Publisert hjå Kulturverk den 23. ferbruar 2013 under tittelen: Med hovudet i Riftdalen – frå olje veks ingenting.

Riftdalen i Aust-Afrika. Foto: Eright

Eit stendig gjenteke spørsmål i norsk presse er kva vi skal leva av etter olja? Sett i ljos av at vi bruker rundt sju kaloriar, det meste frå olje, for å bringe fram ein kalori i form av mat til sluttbrukar, kan dette tykkjast som eit godt spørsmål. Men det er neppe dette journalistane har i tankane.

Truleg tenkjer dei mest på korleis vi skal kunne oppretthalde forbruk, velferdssystemet og pensjonane, og ikkje so mykje på brødet på bordet. Rett nok lev ikkje menneska av brød åleine, men mykje tyder på at vi bør fokusere meir på basisbehova.

Eit betre spørsmål frå journalistane ville vore å spørje korleis vi skal overleva i framtida, men dette er ikkje ei overskrift som sel aviser. Framleis vert dei fleste eg talar med distanserte eller nærast aggressive når eg reiser desse perspektiva, og dei parerar gjerne med noko slikt som at dommedagsprofetar har vore rundt i tusenar av år. Rett nok kjem desse åtvaringane òg ovanfrå, men diverre er det ikkje ein vreid Gud som trugar menneskjeslekta med armod og pinsler denne gongen, men ei rekke satellittar som går i bane rundt moder jord og overvakar helsetilstanden hennar.
Det er absurd å være biolog i dag. Vi beskriver daglig hvordan verden i et umerkelig tidsglimt ødelegges og tømmes for ressurser. På noen tiår endres de globale økosystemene. På 12 måneder brukes nå 17 måneders naturproduksjon. Seksti prosent av jordas økosystemer er sterkt skadet. Klimaendringene er bare en bit av dette. Dette er ikke «å tegne et dystert bilde», slik Torgeir Micaelsen sier. Det er å vise til hva FN, UNEP og de store forskningsinstitusjonene advarer verden med (se www.grida.no og www.cs-n.org). Kan vi tro på at ny teknologi kan gjenskape rent vann, matproduksjon og erstatte rensende økosystemer på globalt nivå? Det kan nå se ut som om «vi» tar sjansen på at mirakelløsninger vil dukke opp. Når oljen blir borte er krisen et faktum. Det vil de unge oppleve. 
I denne settingen jobber forskning, private og offentlige institusjoner i alle land kortsiktig og enøyd med «verdiskaping, innovasjon og utvikling av nye markeder», med formål å produsere flere dingser, reiser, forbruk eller tjenester som skal konkurrere ut andre. Arbeidsplasser brukes som skalkeskjul. Bærekraftig industri blir aldri satset på om det ikke er profittgivende; målet for hele økonomien er å generere penger. Til dette forbrukes natur, de ekte verdiene som er framtidas mat, hus og klær. Det jaktes på mer energi, ressurser, mineraler, fiber, arealer og mat som omdannes i «markedet» til symboler. Pengesymboler som i børsene bare kan ses på dataskjermer og utskrifter.

Torgeir Micaelsen kaller symbolene «eierskap i verdens produksjonskapasitet». Hva skjer når verdens vegger av begrensede ressurser nås, og produksjonen stopper? Vil verden ha datasymbolene våre, i bytte mot at «vi» tar mat og klær ut av munnen på de som jobber? I en verden av knapphet er børsservere verdiløst spesialavfall. I dagens politiske virkelighet er de redningen for barn og barnebarn. – Terje Bongard og Eivin Røskaft
Kvifor vert ein møtt med ein slik likesæl, latterleggjerande eller aggressiv reaksjon viss ein peiker på at økosystema ikkje taklar livsstilen vår, sjølv om ein gjer sitt beste for ikkje å vera moraliserande? Sjølv trur eg det har å gjera med at det rører ved sjølve eksistensen vår, våre djupaste drifter.

For mellom cirka 2,2 millionar og 200.000 år sidan evolverte slekta Homo seg ikring Riftdalen i Aust-Afrika, i ei verd som tyktest uendeleg. Menneskehjernen er forma av desse tilhøva, og er fyrst og fremst eit reiskap for å bringe genane vidare. Hjernen er på eit vis påfuglhalen vår, då han både er energikrevjande og gjer fødsler til ein risikosport. Evolusjonært er poenget med hjernen å tilegna seg status og ressursar, for hankjønnet direkte og for kvinnekjønnet indirekte gjennom makeval.

Det vert sagt at ein rik mann er alltid vakker. Dette vart godt illustrert i den klassiske Burger King-studien av Townsend og Levy (se studien fra 1990), der vakre og mindre vakre modellar av begge kjønn vart utkledde med uniformer som signaliserte ulik status. Hos kvinner trumfa Rolex-klokka over Burger King-uniforma, sjølv om hamburgarmannen hadde mykje flottare utsjånad. Denne samanhengen fann ein ikkje hjå menn.

Det er sjølvsagt lite flatterande for mennesket å sjå seg sjølv i dette ljoset, i grunn og botna er vi fikserte på sosial og økonomisk, såkalla sosioøkonomisk status. I dag, grunna det tradisjonelle ekteskapet si oppløysing, ser vi dette tydeleggjort gjennom den auka tendensen med seriepolygami, der menn med høg sosioøkonomisk status inngår både to og tre kull. På eit vis er dette ein meir brutal form for polygami enn den tradisjonelle, der ein i det minste haldt på den gamle kona. Delen av barnløyse menn i førtiåra er aukande, med dei konsekvensane det fører med seg for samfunnet.

Syndefallet kom ikkje like brått som ein kan få inntrykk av gjennom skrifta, men kan heller sjåast som ein langdryg evolusjonær prosess. Ein ting er i alle fall sikkert, arvesynda er eit faktum, vi vert fødde som aggressive, grådige, baktalande, ambisiøse, makt- og ærekjære egoistar. Heller ikkje dette er noko å vera stolte over. Kombinert med eit system som let desse eigenskapane bløme fritt, den globale kapitalismen, implementert gjennom snart ni milliardar menneske, ser framtida dyster ut. Ikkje minst ser vi dette gjennom Kina sin aggressive globalkapitalisme dei seinare åra, driven fram av millionar av testosteronbombar som slåst om gunsten til eit stort mindretal fruktbare kvinner grunna eittbarnspolitikken.

Ein tredje orsak til at folk ikkje orkar å ta inn over seg konsekvensane av sviktande økosystem, trur eg ligg i at denne erkjenninga gjer arbeidet vårt meiningslaust.
Ressursene som trengs til framtidas mat, hus og klær må lagres, resirkuleres og forvaltes slik at de vil være tilgjengelig i framtida. Satsingene på «grønn teknologi» er minimale og overfokuserte. En arbeidsplass i dag innebærer i praksis en fare for etterkommerne, i stedet for å bygge trygghet for framtida. – Terje Bongard og Eivin Røskaft 
Ingen arbeidsplass som er vikla inn i det kapitalistiske systemet slepp unna, vera det seg som lækjar eller utmarksforvaltar. Løna er ei avkasting av verdas produksjonskapasitet, som parasitterer på produksjonskapasiteten til økosystema. Det kapitalistiske systemet er som ein parasittisk sopp som snart har infisert alle økosystema med eit fint nettverk av pengemycel.
Det norske samfunnet, forskning, EU og internasjonal kapital gjør sitt ytterste for å omsette klodens ressurser til symbolet penger. All kapital, også Pensjonsfondet, investeres videre i produksjon som bidrar til at forbruket av natur og ressurser øker over hele jorda. Lønnsomhet bygger jo nettopp på forbruk av ressurser, i form av olje, metaller, transport, matproduksjon eller andre varer eller tjenester. Pensjonsfondet bruker derfor opp ekte ressurser som både er pensjonistenes og deres barnebarns mat, hus og klær. Verken gull, kunst eller kapital kan spises eller bos i. Pensjonsfondet bør derfor omdøpes til Pyramidespillfondet. – Terje Bongard og Eivin Røskaft
Å bora i Lofoten for so å dytte ytterlegare milliardar inn i Pensjonsfondet, vil berre framskynde dette sitt fall. I same stunda risikerer vi å øydelegge naturkapitalen, den verkelege kapitalen som gjev mat i magen. Lofoten er gytegrunna for mykje av fisken i Barentshavet, desse områda heng i hop. Forsking viser at torskelarvar er særleg ømfintlege for oljeutslepp. Lofoten – Barentshavet husar 93 prosent av torsken, 85 prosent av hysa, 64 prosent av silda, 57 prosent av rekene og 50 prosent av seien. Tall frå Fiskeridirektoratet viser at Lofoten og Vesterålen i einskilde år stend for opp mot 17 prosent av den norske fiskefangsten.

Diverre sit politikarane våre fast i kva Bongard kallar for pengefella, då kjenslene våre sidestiller ein fullstappa bankkonti med å ha stabburet fullt av mat og skålen full av ved. Men når verdsøkonomien stangar hovudet i ressursveggen er det berre naturalia som vil vera noko verdt, ein pengeservar vert då inkje anna enn spesialavfall.

Det vert sagt at folket får dei politikarane dei fortener. Eg veit ikkje, politikarane er vel berre som folk flest, med hovudet godt planta i Riftdalen. Eg skjønar dei vel, å klatre opp på kanten av denne dalen er inga trivelig oppleving, kvar ifrå vi kan skode ned på oss sjølve i all vår gru. Her oppe frå kanten av Riftdalen ser vi òg at verda ikkje er uendeleg, ho har svært skjøre grenser.

Berre eit fåtal av oss har våga å stikka hovudet over kanten til Riftdalen. Ikkje det at vi er noko betre enn andre, vi er alle som brikker i eit stort maskinmonster som riv verda i filler, og vi maktar ikkje å koma oss laus. Men vi er ikkje stolte av det arbeidet vi gjer for dette monstret, vi skammar oss over å gå på jobb, då vi veit at vi riv grunna unna føtene på ungane våre.

Ofte vaknar eg tidleg om morgonen full av kval over framtida til den toårige dotter mi, der ho søv so umedvete om alt dette eg ligg og grublar på, pensjonsfondet på 3700 milliardar gjev meg inga ro. Folk er so hysterisk opptekne av pensjonar for tida, det er mest som om kva du kan venta å få i pensjon er hovudoppslag i media annankvar dag. Helst skulle eg vel allereie ha starta ei pensjonsforsikring for dotter mi, ho som søv so trygt innåt mor si. Men eg er ikkje oppteke av det, kanskje får eg sjølv nokre slantar i pensjon, for dotter mi har eg inga von om det. Får ho oppleva å eta fersk skrei til middag på sine gamle dagar, i lag med barneborna sine, slik vi åt det i dag, er dette mitt høgste ynskje. Eg har ikkje noko høgare ynskje for framtida.

Å ha hovudet i Riftdalen er som å ha hovudet under armen, vi er dummare enn strutsen som stikk hovudet i sanda. For dei få av oss som ser kor det ber har vi ikkje noko parti å stemme på. Vi treng eit parti som vil investere i produksjonskapasiteten til økosystema framom til den globale pengemaskina.

Og Terje Bongard går i boka si ”Det biologiske mennesket” òg lenger enn som so. Han tilbyd ein ny modell for demokratiet, eit inngruppe-demokrati, der ein spelar på dei gode sidene hjå mennesket, kor ein framelskar dei gode kvalitetane vi viser i nære relasjonar. Mennesket er ikkje vonlaust, vi er òg medfødt rause, empatiske, snille, samarbeidande, oppdragande og ansvarlege. Men desse eigenskapane vert kvelte i store massesamfunn, dei kan berre bløme i samanhengar som etterliknar dei gamle stammesamfunna i Riftdalen. Her ligg vona hjå menneskeslekta, den einaste vona vi har att.

Det er ei trøystesløyse i eit valår å stå på kanten av Riftdalen og sjå ned i mørke avgrunna, utan å ha noko parti å stemme på. Difor er det er på høg tid at vi får eit nytt parti som tek desse perspektiva på alvor. Underleg nok, løysninga på dei problema som Riftdalen sitt snevre hjerneperspektiv har gjeve oss, ligg òg i Riftdalen, i stammen, i det nære fellesskapet mellom menneskje, men utvida til eit nasjonalt og globalt perspektiv.

Vi veit no kven mennesket er, på godt og vondt. For tida nyttar vi mest den vonde sida av oss, vi nyttar ho til å produsere pengar. Men vi treng ikkje pengar, vi treng naturkapital gjeven oss frå friske økosystem og sosial kapital gjeven oss frå livgivande menneskesystem. Dette kan vi oppnå gjennom inngruppe-demokratiet. Den beste investeringa vi kan gjera for framtida, den beste gåva vi kan gje borna våra.
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...