Tuesday, 30 April 2013

Monsterprinsesser og andre psykopatar

Etter å ha lytta til samtalen Psykopatene blant oss (ikke alle har evnen til empati) hjå Levevei.no, mellom vert James Alexander Arnfinsen og psykolog Anne Brudevold, vart eg alvorleg oppskaka. Omgrepet ”monsterprinsesser”, meint som ei beskriving av trassige småjenter i førskolealder, fekk med eitt ei langt alvorlegare meining. For sanninga er at nokre av desse er framelska, med trykk på elska, barnepsykopatar. Dei er ekte monster, skjult bakom store barneaugo, søte oppstopparnasar og blonde krøller.


Og der satt eg med dotter mi på to år og to månader. Hadde eg avla fram eit monster? Hadde eg elska ho i hel? Kvifor lytta eg ikkje til det gamle visdomsordet om at ein tuktar den ein elskar? Eg trudde dette stamma frå Paulus, men etter eit lite søk på Google viser det seg at det er henta frå ordspråka 13,24 i det gamle testamentet. Med eitt prisar eg meg lukkeleg for den kortlunta kona eg har fått, mitt langsame totenske sinnelag passar nok heller dårleg ilag med barneoppseding. Kanskje er ikkje dotter mi, ho eg elskar so høgt, tapt lell?

Barnet sitt, eller kan hende er det rettare å kalle det foreldra sitt store moglegheitsvindauge, er vidopent når barnet er mellom eitt og to år gamalt. Frå toårs alder vert dette vindauget raskt lukka, og har ikkje barnet fått dempa egoet sitt i dette tidsrommet er toget gått. Då har det vorte ein altoppslukande egoist, med andre ord ein psykopat. Difor er stikkordet grenser. Aldri treng barnet grensesetting so mykje som i det andre leveåret, rett nok kjærleiksfull grensesetting, men for all del ikkje kjærleik åleine.

Det er underlege, nesten sjølvmotsigande, at viss barnet får for mykje kjærleik mistar det evna til empati. Aldri er det enklare å leva opp til Jesu kjærleiksbod om å elska nesten sin som seg sjølv, enn når ein held sitt eige vetle born i armane. Å vera streng, å setja grenser for dette vesle nurket, som du ikkje berre elskar som deg sjølv, men høgare enn deg sjølv, kan vera ei utfordring. Ikkje minst i eit velstandsland som Noreg, der kampen for tilveret berre er eit fjernt minne, og ein kan overause den vetle med tid og ressursar.

Anne Brudevold forklarar i intervjuet at evna til empati ligg i orbitofrontal cortex, og at grunnlaget for denne evna vert utvikla i det andre leveåret. Engelske forsøk konkluderer med at viss frøet til empati ikkje får rotfeste i dette tidsrommet, vissnar det hen og kan ikkje såast på nytt. Forsøk på å bota på skaden kan tvert om gjera vondt verre. So den harde sanninga er at eingong psykopat, alltid psykopat. Men når evna til empati fyrst er utvikla, anten denne er stor eller lita, kan ho både øvast opp og minskast seinare i livet.

Korleis kan naturen ha vore so tverr, so omsynslaus? Elles er jo menneskehjernen kjend for å vera særs plastisk. Eg trur det kjem av dei harde tilhøva menneska vart evolvert fram or, der det i kampen for tilveret ikkje var overskot til å dulla med ungane meir enn høgst nødvendig, samt at barna var del av ein utvida fellesskap, stammen, som alle var med å setja grenser både for foreldra og det vetle barnet. Under desse tilhøva fekk ungane ein genuin tilknyting både til foreldra og ein større fellesskap. Ei kjærleiksfull tilknyting med klare grenser, den beste oppskrifta for å få eit empatisk barn.

På same vis som vi i dag har ein fedmeepidemi hjå ungane våre, trur eg vi òg har ein psykopatiepidemi. Mengda av feittceller vert sett i barndomen og kan ikkje reverserast, om lag slik er det òg med psykopati. Evolusjonen tok beint fram ikkje omsyn til at mennesket ein dag skulle verta omgjeven av grenseslaus overflod, brotne slektskap og isolerte einebustadar. Psykopatar fanst neppe i dei gamle steinaldersamfunna, på lik line med at overvekt var eit ukjend problem.

Dei fleste har vel ein tendens til å tenkje om psykopatar som brautande karar med buskete augebryn, slike som Josef Stalin, men vonleg er det berre testosteronet som lurar oss. Utvilsamt, Stalin var ein psykopat. Det vert fortalt at han forakta den eldste son sin, og då sonen som ung mann freista å ta livet av seg, kula gjekk gjennom kroppen men han overlevde, håna Stalin han for dette òg. Med eit glis sa han: ”Ha, han bomma”, med det meinte han at han ikkje eingong greidde å ta livet sitt. Å vera i familie med Josef Stalin var ingen spøk.

Sonen til Stalin vart ein nevrotikar, neppe so rart. Og eg tenkjar; kan vi her sjå ein vond sirkel? Der borna til ein psykopat vert nevrotikarar som elskar ungane sine i hel, då dei overauser dei med den kjærleiken dei aldri fekk frå foreldra, slik at ungane deira i sin tur vert psykopatar att, nett slik som faren?

Men dei fleste psykopatar kan ikkje lita på styrken sin og brauta seg fram slik som Stalin, so dei tyr til andre taktikkar, ein mykje meir subtil vondskap. Dei er meistrar i å finna fram feila dine og bruka dei mot deg, slik at du tenkjer at kanskje har han/ho litt rett lell, og slik bryt dei deg sakte men sikkert ned. Det er ikkje noko ein psykopat ynskjer meir enn å få deg til å opna deg for han eller henne, å letta sjela di, for soleis å vende det dei har fått veta mot dei ved eit seinare høve. Nett difor vert so ofte svake menneske eller menneske i ein vanskelig livssituasjon trekte mot psykopaten, fordi desse stend fram som so flinke til å lytta, og dei overauser deg med traustnande ord slik at du held fram med å blottleggja deg sjølv. Stakkars deg!

Psykopaten kan vera det ynkelegaste menneske, eller det mest storarta, ho som er med i misjonsforeininga og tykkjest som det mest oppofrande av alle Guds barn. Ofte har psykopaten ein høg moral og eit godt omdøme i grannelaget, og kan vera sers intelligent. Men han eller ho kan òg ha eit intellekt nær null, slik at vondskapen deira nærast vert komisk, om lag som Stinky i Mummidalen. Det einaste dei har sams er grandiositet og manglande empati.

Diverre er speilnevrona i beste stand, so dei har ikkje noko problem med å spela at dei er lei seg, glade, endatil deprimerte. Men dette er berre eit intellektuelt spel utan nokon kjenslefylt oppleving. Speilnevrona sitt ein heilt annan plass i hjernen enn empatien. Difor kan dei spela empatiske, men dei anar ikkje kva empati er. Dei er ikkje til for andre menneske, det er berre andre menneske som er til for dei. Difor endrar dei òg brått sinnelag viss du ikkje jattar med dei eller du går dei imot, då dei ikkje aksepterer at nokon stend i vegen for dei, eller aller helst ber dei på armane sine. Som menneskje har du inkje anna meining for dei enn å vera reiskapen deira, ein slave for deira lykke. Likeverd anar dei ikkje kva er. Dette av di dei ser seg som over alle andre, dei er dei største, dei beste, dei mest moralske, og er det noko som skjær seg i livet er det i alle fall ikkje deira skuld. Grandiositet og manglande empati, dette er dei to fremste kjenneteikna hjå psykopaten.

Sjølv er eg ein varm tilhengjar av inngruppe-demokratiet, slik dette er foreslått av humanøkologen Terje Bongard. Men viss det er slik eg trur at overflodssamfunnet og moderne samfunnsstrukturar fungerer som ein inkubator for utklekking av psykopatar, undrar eg kva for konsekvensar dette kan få for inngruppa? Er ein uheldig kan ein risikere å hamne i ei inngruppe med både to og tre psykopatar, neppe ei lukkeleg skjebne. Eg veit ikkje kva svar Bongard har på dette spørsmålet, men eg er viss om at det må diskuterast nøye før vi vonleg tek steget inn i inngruppe-demokratiet.

For dei som er interesserte i teologi vert det heile enda meir innvikla. Gjeld ikkje frelsesbodskapen for psykopatar, då dei er ute av stand til å kjenna skuld? For eit paradoks at den aller største kjærleiksgjerninga, då Jesus døydde på krossen for å gjenforeina menneska med Gud, ikkje skal omfatta barnet som mista evna til å erfara kjærleik av di foreldra misforstod kva det tyder å elska eit barn. Heller ikkje so rart, då vi i dag vert tuta øyra fulle av kor viktig det er å ikkje vera bråe men kjærleiksfulle, slik at ungen kan verta trygg på seg sjølv.

Eg kjenner meg svolten av all denne skrivinga og tenkinga, det kunne gjort seg med ein matbit. Knekkebrød med brunost er tingen. Dotter mi vil òg ha, men ho kastar brunosten på golvet og vil ha syltetøy. Men eg gjev ikkje etter no, kan hende står moglegheitsvindauget hennar enda på gløtt? Ho ligg på golvet og skrik etter syltetøy, men eg tek knekkebrødet og brunostskiva og seier at då vert det ingenting. Når ho skjønar at eg meiner alvor vert det lell greitt med brunost. Vonleg ville ho berre testa meg, truleg skjønar ho at eg har vorte strengare, eg har vorte so hard som eit farshjarta kan klare det.

Rett som det er tykkjer eg at eg ser ein kjærleg varme i augo hennar, og eg vonar det ikkje berre er eit fata morgana eg ser, men verkeleg empati. Kanskje ei frukt av temperamentsutbrota til kona mi, noko eg tidlegare klandra ho for? Eg er evig takksam til kona mi, som har gjeve meg dotter mi ikkje berre ein, men vonleg to gonger. Tek eg ikkje feil ventar det meg eit langt og godt liv i lag med dei begge. Vetlejenta mi eit monster, nei, det får eg ikkje til å stemma. Ho er berre ei prinsesse. Prinsessa mi!

Publisert hjå Levevei den 29. april 2013. Republisert hjå Kulturverk 15. mai 2013.

Relatert:

No comments:

Post a Comment

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...