Saturday, 8 February 2014

Det urbane mennesket er det same til evig tid

Ellen de Vibe hevdar 4. mai i svaret sitt til meg at måten menneska brukar og erfarer byrommet på, endrar seg over tid. På overflata kan nok dette vera rett, ein såg ikkje ungdomar koma farande på rullebrett i det antikke Roma. Men når det gjeld den djupare strukturen for rotekte urbanisme, det vi kan kalla den menneskelege skalaen, vil eg hevda at den er grunnleggjande uforanderleg. Dette gjer eg fordi eg har lese klassikaren A Pattern Language av Christopher Alexander, ei av dei viktigaste bøkene i det tjuande hundreåret. Med unnatak av nyurbanistane er dette ei forakta bok mellom planleggjarar og arkitektar, og dei har såleis freista anten å forteia eller latterleggjera dette banebrytande bokverket.

I A Pattern Language har Alexander dokumentert 253 såkalla ”pattern”, eg har inga god omsetjing for denne termen på norsk, kanskje mønster som inngår i ei form for ”vevspråk”. Eg vel å bruka det engelske ordet. Poenget er at desse ”patterna” er arketypiske eller universelle, dei er å finna att i mange kulturar over eit lengre historisk tidsrom. Dette fordi dei tek vare på menneskelege behov og den menneskelege skalaen på ein unik måte, uavhengig av tid og rom, der dei knyter menneskelivet til den urbane livsveven. Det er lov å læra av historia, og framtidige osloborgarar vil vera lite tente med at vi ikkje ville ta lærdom av visdomen hennar.

Menneska vert abstraherte når dei nedarva biofile instinkta deira ikkje vert tekne på alvor. Essayet av Salingaros eg nemnde i det førre innlegget mitt, var henta frå boka Biophilic Design: The Theory, Sciense, and Practise of Bringing Buildings to Life, redigert av Stephen Kellert, Judith Heerwagen & Martin Mador, New York: Wiley, 2008. For vidare innsikt i temaet biofilisk design vil eg visa til denne glimrande boka.

De Vibe skriv: ”Kun historien vil kunne bedømme om det vi bygger, har et fattig formspråk”. Igjen, svara ligg ikkje berre i framtida, vi treng ikkje venta på at historia skal openberre rett og gale for oss, det har ho alt gjort. Det mest frustrerande er likevel at de Vibe so enkelt avfeiar Christopher Alexanders monumentale bokverk, The Nature of Order, med eit enkelt pennestrok. Trass i alt, Alexander er ikkje berre ein smågut ein brydd feiar til sida.
The Nature of Order is not only a summa summarum of what Oxford University Press has called "The World of Christopher Alexander", but it is surely one of the most ambitious books ever published. If its profound argument -- that order in both nature and in what we build are essentially the same -- is ultimately understood and accepted by serious readers, it may prove to be one of the most consequential works Oxford has published in all its 500 years. - William McClung, special project editor for Oxford University Press, former senior editor of the University of California Press
Ikkje mange bøker får ein slik omtale, og eg er viss om at hovudstaden vår ville gått ei betre framtid i møte viss byplanleggjarane lånte Christopher Alexander eit øyra. Dei femten livsverdiane og Alexanders teori om sentra, mellom anna, er ikkje berre tåkeprat henta ut or skoddeheimen. Vi har her å gjera med ein framifrå vitskapsmann og ein stor tenkjar. Historia vil døma oss hardt viss vi ikkje snart tek han på alvor!


Publisert som lesarbrev i Dag og Tid. Nr. 19. 11. mai - 17. mai 2012. 51. årgangen. Side 32.

No comments:

Post a Comment

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...