Friday, 21 March 2014

Kapitalismen – frå eit gode til eit vonde – og vegen vidare

Kapitalismen kan sjåast som eit frigjeringsprosjekt, kva Michel Bauwens kallar den andre revolusjonen. Ein gjekk frå romarriket sitt slaveri til føydalisme i middelalderen til kapitalisme, ein stigande frigjeringsspiral. Frå å drivast av tvang til å motiverast av løn. Løna som drivkraft har gjeve oss ei teknologisk utvikling og eit velferdssamfunn som ikkje eingong var unna kongelege i fordum tid. Nokre meiner at kapitalismen vil leie oss til den teknologiske singulariteten, eit punkt der kunstig intelligens tek over for den menneskelege hjernen, og vi entrar eit teknologisk nirvana utan ende.

Illustrasjon av den teknologiske singulariteten. Kreditt: Singularity Utopia

Dei mest fanatiske framstegsideologane ser det ikkje som eit tap om menneskeslekta vert utrydda so lenge vi når fram til singulariteten, då dette er oppgåva vår på jorda og vi vil ”leva” vidare i maskinar med intelligens mykje høgare enn vår. For desse vil det å vona å bremse kapitalismen vera jamstilt med heilagbrot. Sjølv om dei fleste nok ikkje er like ihuga i framstegstrua som desse, er det djupt innpoda i oss at kapitalismen og framsteget er uløyseleg knytte i hop. Å gje avkall på kapitalismen vil i eit slikt ljos berre kunne sjåast som eit attendesteg.

Lell har kapitalismen bygd inn i seg nokre føresetnader, vi kan kanskje kalle dei dogme, som bryt med alt av resiliensteori. Fremst av desse er kapitalakkumulasjonen, som kan uttrykkast i formelen:

P – V – P’

(der P’>P)

I denne formelen er P lik kapital og V lik varer (energi, råvarer, maskinar, arbeidskraft osv.) Heile siktemålet med den kapitalistiske investeringa er å akkumulere. Som Marx sa: Akkumulere, akkumulere – det er Skrifta og profetane. Og da må P’ vera større enn P.

Kapitalakkumulasjonen er difor berre ei spesialutgåve av eksponentialfunksjonen, ei umoglegheit i eit lukka system, som til dømes jorda.

For å leggje til rette for akkumulasjon av kapital og uavgrensa vokster har samfunnet stadfesta to trussetningar:
  1. Vårt noverande system er basert på trua på uavgrensa vokster og eit uendeleg tilgjenge til ressursar, trass i det faktum at vi bur på ein endeleg klode; la oss kalle denne funksjonen løpsk ”pseudo-overflod”. 
  2. Vårt noverande system trur at nyskapingar bør privatiserast og berre verta gjort tilgjengelege for ein heftig pris (immaterialrett), ved å kriminalisere deling av kunnskap og kultur; la oss kalle dette trekket tvungen ”kunstig knappleik”. 
Ideen om at materielle ressursar finst i overflod medan immaterielle ressursar er ei knappleiksvare, er absurd. Vi ter oss som om planeten er uavgrensa og plyndrar jorda på eit vis som trugar overlevinga til menneska. På den andre sida byggjer vi kunstige murar rundt menneskeleg kunnskap for å hindre deling so mykje som råd er. Alt for å framelske kapitalakkumulasjonen og evig vokster.

Verdssamfunnet nærmar seg verdsveggane med full kraft, samstundes som vi tviheld på eit system, den globale kapitalismen, som er ei oppskrift på samanbrot. Korleis kan vi vera so dumme?

Diverre er ikkje kapitalismen berre ein ideologi, den er òg djupt rotfesta i menneskeleg psykologi og åtferd. Difor vil det å gje avkall på drivkreftene i kapitalismen vera å gje avkall på nokre av dei sterkaste nedarva åtferdstrekka våre, selektert fram gjennom millionar av år med seksuell seleksjon.

Som dei fleste veit er seleksjonen inndelt i naturleg og seksuell seleksjon, der seksuell seleksjon gjeng raskast, då hoar kan endre partnervalgspreferansar ut frå endra miljøtilhøve. Til dømes føretrekk kvinner i fattige land med mykje parasittar menn med mykje testosteron og sterk immunforsvar, medan kvinner i velstandsland heller mot menn med meir feminine og stabile trekk. Samstundes er intellekt ein sterkare seleksjonsfaktor enn muskelkraft i høgt utvikla nasjonar.

Menn lik å skina, og kvinner lik menn som skin, vi veit alle dette, sjølv om det ikkje er stovereint å seia det høgt. I tidlegare tider var det vanleg å krige for å oppnå rikdom og makt, kapitalismen gjev alle denne moglegheita utan blodsutgyting, difor har dei kapitalistiske samfunna vore prega av fred i etterkrigstida. Men vi betaler ein høg pris gjennom utplyndringa av kloden, og søkkjande ressurs- og energitilgjenge vil gje auka stridigheitar for kontroll over desse.

Før vi gjeng vidare vil eg oppmode om å studere illustrasjonen nedanfor, som viser dei fem evolusjonære ringane. Kapitalismen, og då ikkje minst den globale kapitalismen av i dag, opererer innanfor utgruppa. Her råder jungelen sin lov, eller den sterkaste sin rett.

Illustrasjonen er henta frå bioman.no

Darwin skjønte ikkje fullt ut korleis den seksuelle seleksjonen fungerer, faktisk vart ikkje dette problemet løyst før på slutten av det førre hundreåret, med dei revolusjonerande teoriane utvikla av den israelske vitskapsmannen Amotz Zahavi, som studerte araberskriketrosten i Negevørkenen i om lag 40 år. Ut frå observasjonane av denne utprega flokkfuglen lanserte han teorien om handikapprinsippet (sjå boka The handicap principle: A Missing Piece of Darwin's Puzzle. 1997, Oxford, UK: Oxford University Press. Av Amotz og Avishag Zahavi).

I utgruppa, som til dømes kapitalismen og ”suburbia”, viser ein styrke og overskot gjennom statussymbol, som posisjon, kapital, hus, bilar og mobiltelefonar. Kort sagt, gjennom å prange og øydsle.

Innanfor inngruppa kjem ein ikkje langt med denne strategien, her oppnår ein status og respekt gjennom omtanken for nesten. Den som ber den tyngste børa og viser størst omsorg for dei svakaste vert rangert høgst i flokken, nett som hjå araberskriketrosten, der det er kamp om dei mest utsette vaktpostane og der fuglane øvst på rangstigen tvangsfôrar dei lenger ned.

Inngruppa representerer òg eit fraktalt nivå som saknast i dagens demokrati, økonomi og bostruktur. Alle resiliente system har ein fraktal fordelingsstruktur, der dei minste skalaene dominerer og held heile nettverket oppe. Dette er glimrande gjort greie for av Mehaffy og Salingaros i essayet ”Toward Resilient Architectures 1: Biology Lessons”.

I ein e-post der eg gjer Terje Bongard merksam på at IGD (InnGruppeDemokratiet) samsvarer med eit av de fremste kjenneteikna ved eitkvart resilient system, ein fraktal fordelingsstruktur, svarar han fylgjande:
Svært interessant observasjon og sammenligning. Det er nettopp noe av hovedpoenget med å utvide demokratiet helt ned: det blir ikke rom for individer som river opp, meler egen kake, korrumperes osv. Legg merke til at "invasive species"-problemet henger sammen med dette: En art som ikke fanges inn av nettverket kan ødelegge det i stedet.
Illustrasjon av eit resilient system. Kreditt: Nikos A. Salingaros

Vegen vidare gjeng gjennom inngruppa, denne er verktyet vi kan meisla eit nytt samfunn ut or, der alle menneske er like frie og har like mykje dei skulle ha sagt. Gjennom inngruppesamfunnet kan mennesket nå toppen av frigjeringsspiralen, med IGD som eit svært stabilt politisk verkemiddel.
Takk Øyvind, men fremdeles har ikke disse viktige kritikerne knekt koden med pengefølelsen, eller sett at det eneste Ellinor Ostrom mangler, er forståelse for inngruppestørrelsens betydning for politisk styring…. - Terje Bongard
Diverre var heller ikkje juryen for Norges forskningsråd i stand til å knekkje denne koden, dei mangla totalt forståing for inngruppestorleiken si betyding for politisk styring. Dei satt med nøklane til porten vi må passere for å koma oss framåt på sivilisasjonsvegen. Ved å nekte Bongard forskingsmiddel har dei parkert sivilisasjonen vår, då kapitalismen er i ferd med å bryte i hop.

Inngruppesamfunnet tyder å gå attende til stammesamfunnet, finn vi ikkje att plassen vår i inngruppa vil sivilisasjonen fella inn i ein ny steinalder. Kapitalismen har vorte ei tvangstrøye, lik eit tviegga sverd som no har vendt seg mot oss, vi har vorte slavebundne av vår eiga attrå. Det er ikkje rom for sju, snart ni milliardar menneske å skina i utgruppa. Kapitalismen, som i si tid frigjorde oss frå dei føydale lenker, har forvandla seg til ein djevel. Araberskriketrosten, unnselig og enkel, lik Jesus i sandalar og kjortel, har kome til oss med eit grønt blad. La oss gripe dette med begge hender!

Føredrag av Terje Bongard på Tankeranglingsfestivalen 2011:





No comments:

Post a Comment

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...