Tuesday, 24 September 2013

Dei tre skapingstilstandane


Søren Kierkegaard vart berre 42 år gamal, men lell rakk han å utføre so mykje at vi i år har feira 200-års jubileet hans med stor entusiasme. Sjølv veit eg ikkje mykje om dette geniet, men ein to-tre avisartiklar har eg fått med meg i høve feiringa. Noko eg har merka meg er dei tre stadia eller tilstandane menneska i fylgje Kierkegaard finn seg på:
  1. Det estetiske 
  2. Det etiske 
  3. Det religiøse 
Fyrst stussa eg litt over denne inndelinga, då eg meiner det estetiske er av høgste verdi. Men eg skjøna raskt at kva Kierkegaard meinte med denne nemninga er det overflatiske, det grunne. Motsett vert då det religiøse stadiet den djupaste tilstanden i menneskelivet.

Eg tok til meg desse tankane og etter ei stund byrja dei å blanda seg med eigne tankar. For meg vart dei då ikkje berre tilstandar, men skapingstilstandar, der den ypparste skapinga berre kan koma til synes viss ein finn seg på det høgste stadiet. Som ein refleksjon eller parallell til Kierkegaard sine stadium sette eg difor opp tre skapingsperspektiv:
  1. Egoet eller sjølvhevdinga. Arkitekturen/kunsten er her hovudsakleg basert på geometrisk fundamentalisme, men òg ustrukturert informasjon, som asymmetri og tilfeldigheit.
  2. Det biofile, ein respons på naturen sin geometri og struktur. Arkitekturen/kunsten fokuserer ikkje på overordna og dominerande former, men på komplekse mønster, eller ei utfalding av sentra gjennom dei 15 transformasjonane for heilskap.
  3. Det religiøse eller spirituelle, kor egoet forsvinn, der det biofile får eit heilagt aspekt og difor vert uutgrundelig. Christopher Alexander definerer Chartres som eit av dei ypparste eksempla på kva eg kallar det tredje stadium. Frå vår tid kan nemnast Damanhur i Nord-Italia.

Stadium 1. Egotilstanden

Modernismen er ikkje, som mange hevdar, resultatet av ei utvikling frå lågare nivå, eller del av ein evolusjonsarta progresjon.

Tvert om representerar han eit brot, eit bortfall frå utviklinga. Modernismen, som eit symbol for framsteget, utvikla seg raskt til ein kollektiv egotripp, der den rasjonelle staten sette seg over kulturen, naturen og Gud eller det åndelege.

Eit formspråk utan kultur, natur og ånd måtte nødvendigvis verta lutfattig, kva dei stod att med var berre nokre enkle geometriske former, som kuber, pyramidar og rektangulære flater. Dette er kva ein kan kalla geometrisk fundamentalisme, og Le Corbusier var fanatisk oppteken av desse banale grunnformene, der ein fokuserer på ei overordna form, eit image eller ei førestilling.

Med tilsynekomsten av den individfokuserte forbrukarismen, der eitkvart menneskje skulle kjenna seg unikt og skapa sin eigen stil, vart desse sokalla grunnformene for kjedelege, ein starta difor å vri og venda på dei for å stresse sansane våre, dette vert kalla dekonstruksjonisme. Målet er ikkje å skapa velvære, men å sjokkere, ein form for sadomasochistisk leik med sansane. Kvar einskilt bygning skal vera unik, eit image i seg sjølv, eit monument over arkitekten sitt ego, eit salsprodukt, ein reklameplakat, og ikkje del av ein større heilskap.

Det heile vart sjølvsagt svært grunt, og sjølv om denne forma for veren tilsvarar Kierkegaard sitt estetiske nivå, er den alt anna enn estetisk i uttrykket.
Eg er overtydd om at menneskeslekta si frelse ligg i ein korrekt bruk av vitskapleg teori innan arkitekturen. Vidare argumenterar eg for at den sokalla “teorien” nytta opp til i dag berre er kultdoktrinar og ideologi, og at denne har øydelagt kulturen vår. — Nikos A. Salingaros
Prestisje, profitt, kontroll og ideologi er motivasjonsfaktorane bakom arkitekturen av i dag, og dei er alle etisk forkastelege.

Arkitektur på stadium 1: Le Corbusiers millionbyskisse

Stadium 2. Biofilitilstanden

Det neste skapingsperspektivet er det biofile, som tyder naturkjærleik eller naturmedvete. I staden for å skilja natur og kultur, slik ein gjer det innan rasjonell modernisme, vert naturen tvert om eit førebilete.

I dei fysiske omgjevingane våre kan denne kjærleiken berre manifestere seg gjennom ein morfologisk prosess, kva Christopher Alexander kallar system-A. Adaptiv morfogenese er ulovleg i dag, vi fylgjer tvert om ein fabrikkert skapingsprosess, påtvinga oss av system-B. Vi er difor ute av stand til å skapa anna enn grunne samfunn. Av dette fylgjer at vi vert grunne menneske, den lågaste forma av menneske, vi er fanga på det estetiske nivå, der den einaste meininga vi finn er vår eiga sjølvnyting.

Difor treng vi kva Robert Lamb Hart kallar ein ny humanisme. Eg er svært glad fordi Hart har skipa denne nemninga og knytt ho opp mot dei store framstega som er gjort innan biofilisk design dei seinare åra. Biofilia ser mennesket som eit biologisk vesen evolvert ut or naturen, og som difor treng eit rørslemønster og ein kompleksitet i omgjevingane som etterliknar naturen og eit liv i naturen.
Unified Architectural Theory’ er ikkje ein teori i det heile teke. Det er prov. Ho let oss sjå korleis vi inntil nyleg alltid har designa og bygd. Vi har bygd bygningar og skapt plassar og byar som reflekterer ordenen i genane våre, i den biologiske verda som vi er del av. Vi har alltid kjent oss heime i dei fordi dei lagar rom for båe kropp og sjel. No gjenoppdagar vi korleis å byggja ei verd som ikkje framandgjer oss frå kven vi er, ei verd som gjev oss glede, ei verd som tek oss heim. — Dr. Ir. Jaap Dawson
Dette tilsvarar Kierkegaards etiske nivå, kor ein respekterer mennesket som eit naturvesen, og ikkje som eit abstrakt vesen, der mennesket ikkje vert anna enn ei brikke i eit stort maskineri.

Innan denne nye forma for humanisme, som må reflekterast i kunsten, arkitekturen og den spatiale utforminga av leveområda våre om han skal ha noko meining, finst det to størrelsar, eit formspråk og eit mønsterspråk. Desse to føresetnadane er best definerte i boka A Pattern Language og bokverket The Nature of Order, begge av Christopher Alexander. Når mønsterspråket og formspråket glir i hop i ein større heilskap har vi nådd den høgste forma for sivilisasjon.

Med denne nye kunnskapen om biofilisk design vert det merkeleg at nokre biologar framleis reduserar mennesket til eit vesen som berre skapar av di det ynskjer å framheva seg sjølv for å synast, for å styrkje statusen sin og slik verta meir attraktiv for det motsette kjønn, jamfør handikapprinsippet. Det er heilt klart at mennesket òg skapar verdifull kunst og arkitektur grunna eit ynskje om å respondere på strukturar i naturen, då dette gjev eit liv i harmoni og indre ro, ein form for kjærleikstilstand.

Nettopp difor finn vi òg dei 15 transformasjonane for heilskap so tydeleg til stades i tradisjonell kunst og arkitektur, då naturen utfaldar seg sjølv gjennom dei. Dess sterkare desse kjem til synes gjennom forming av sentra, dess meir vert vi del av naturen, inntil det skjer at vi blendar inn i naturen og vert ein del av han.

Arkitektur på stadium 2: eit hobbithus

Stadium 3. Ein religiøs eller spirituell tilstand

Eg vil fyrst roa ateistane med at eg trur dette stadiet òg kan nåast gjennom eit djupt naturmedvete, at dei òg kan gli over frå eit biofilt til eit religiøst medvete, der egoet forsvinn, der livet vert ein evigvarande tilstand av skapande bøn. I Europa, med mogleg unnatak av nokre nyreligiøse eksempel, har vi som kultur ikkje nådd opp til dette stadiet sidan middelalderen.
Dei som bygde Firenze, særleg dei som bygde frå omkring år 1000 etter Kristus til 1500 etter Kristus, levde og arbeidde med ei urokkeleg tru på Gud. Når ein ser på dei arbeida som kom ut av hendene deira, er Gud alle stades nærverande: i maleria som no heng i Uffizi, i Baptisteriet, i San Miniato, i livet og dauden til Beato Angelico, som levde i ei celle i San Marco-klosteret. For dei var kvar einaste stein ei gåve til den urokkelege trua på Gud dei delte. Det er denne trua, den urokkelege naturen til denne trua, autensiteten til denne trua, og framom alt soliditeten i trua, som gjorde at ho virka effektivt for dei. Vi, i vår tid, treng ei autentisk tru, ei visse, knytt i hop med dei ultimate ytterpunkta i rom og tid — som gjer det same for oss. — Christopher Alexander, The Luminous Ground, side 42 
Det er berre i eit samfunn som dyrkar den religiøse eller spirituelle tilstanden at mennesket sitt fulle potensial som skapande vesen kan verta forløyst. I dag, som kyrkja har vorten eten opp av moderniteten, der alle nye kyrkjebygg er underlagte ein streng geometrisk fundamentalisme, var det ikkje anna å venta enn at ein på eit tidspunkt ville få ei kraftig nyreligiøs oppblomstring. Kanskje har kyrkja mista rolla si, kanskje er det gjennom forgreiningar av den nyreligiøse rørsla at vi på nytt kan heva oss opp til åndelege menneske?

Dei tre rammene om menneskelivet

  1. Våre omgjevingar 
  2. Kroppen 
  3. Sjela 
Eg har medvete sett omgjevingane våre øvst på lista, av de eg meiner menneskelivet vert forma utanfrå og inn. Diverre er den gnostiske arven framleis sterkt levande mellom oss, kor ein skil kropp og sjel, der ei endring må skje innanfrå. Alle dei tre nivåa til Kierkegaard har å gjera med eit indre medvete, ein prosess som gjeng føre seg inne i mennesket.

Arkitektur på stadium 3: Chartres i Frankrike

Dette er like fåfengd som å tru at eit lite frø kan spira utan vatn, utan sollys og utan ei næringsrik jord å veksa i. Den næringa menneskesjela treng for å veksa må koma utanfrå, frå det formspråket og det mønsterspråket mennesket er del av, der desse veks i hop og dannar eit næringsrikt jordsmonn for menneskesjela. Vi finn ikkje denne næringa i bøker og kloke ord, i meditasjon og stille bøn åleine, men i veggane som omkransar gatene vi rør oss i, og hjå den kompleksiteten gatenettverket er berar av, der historia sitt fastspikra i sliten brustein, der nabokona vakar over den gata ho er del av med kropp og sjel. Alt dette som den rasjonelle staten har drepe for å ta kontrollen over liva våre!
Slike synspunkt gjorde Le Corbusier til ein naturleg alliert for herskarane av den moderne verda. Han ynskja å gjera alt om til ein rasjonell maskin, og ein rasjonell maskin er lett å skjøna og kontrollera for dei som sit med makta. Då han døyde i 1965 sa sovjetarane; ”moderne arkitektur har mista den største meisteren sin,” mens president Johnsen kommenterte; ”innflytelsen hans var universell og arbeida hans inneheldt ein permanent kvalitet berre få kunstnarar gjennom historia har eigd.” Leonid Brezhnev og Lyndon Johnson visste kan hende ikkje mykje om kunst, men dei visste kva dei hadde grunn til å lika. — James Kalb 
Med framveksten av eit mekanistiske verdsbilete og det rasjonelle mennesket gjekk det utforbakke med det skapande mennesket og med meininga i kva vi skapar. Då Nietzsche kunngjorde at Gud er daud var det rimeleg at den geometriske fundamentalismen ville voksa fram, at vi ville enda opp med eit tyrannisk regime der ornament er kriminalisert. Denne prosessen må reverserast, middelalderen var eit fyrlys i den europeiske skapingshistoria!

Det øvste bilete er eit portrett av Søren Kierkegaard, malt av Luplau Janssen

Artikkelen er publisert hjå Kulturverk tirsdag 17. september 2013.


Relatert lesing:

No comments:

Post a Comment

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...