Wednesday, 18 December 2013

Med multikulturalisme eller multipolaritet som framtidig identitet?

Umiddelbart tykkjest ordet multikulturalisme fengjande, ein kan mest få visjonar om ein permakulturhage, der ulike planter utfyljer og dreg nytte av kvarandre, ein polykultur, medan multipolaritet meir leier tankane til ein monokulturell åker. Korleis kan noko som er polært vera positivt og gjera rikt og mangfaldig? Er ikkje dette ei sjølvmotsetning?

Multikulturalismen er motpolen til multipolariteten i den forstand at dei fråstøyter kvarandre, dei stend på kvar sin ende av skalaen. Nokre vil her kanskje leiast til å tenkje på ulike former av fascisme, men nei, desse er òg berre utvekstar av moderniteten. Kva multipolaritet tyder er at den er laga av ein kultur fundamentert på tradisjonalisme, ikkje som ein individuell preferanse som for multikulturalisme, men som essensen av det samfunnet ein er del av.
Ikke at symboler, riter, historier og merkedager ikke kan ha stor betydning, men fordi symbolene er som gravstener i samtiden. Symbolene er ikke tegn på det levende og aktive lenger, men det døde og glemte, suttekluter for en sivilisasjon som har fortapt seg selv i endeløse spekulasjoner. – A. Viken
Multikulturalismen er ei nymotens oppfinning og ikkje i samsvar med mennesket sin medfødde trong til identitet og tilhøyre. Som for alt anna har den modernistiske liberalismen her òg kasta vrak på alle nedarva mønstre.

Å blande kulturar er liberalistisk hykleri med tre føremål:
  1. Å utradere all konkurranse til den sekulære staten og byråkratiet. 
  2. Å gje eit skin av ”valfridom” og ”mangfald”, for slik å rettferdiggjera modernist-liberale doktrinar. 
  3. Å skapa ein global einskapskultur for spreiing av overnasjonal elitisme, korporatisme og kapital. 
Fundamentalistisk islam er berre ein naturleg motreaksjon på dette, og har mange likskapstrekk med eit modernist-liberalistisk overherredømme.
Avansert liberalisme ser seg sjølv som tolerant, men denne toleransen er intolerant om lag på same vis som Taliban er intolerant. Som framtredande talsmenn definerer omstenda, kan det tykkjest som om vi er midt i ei verdsstrid mellom to kvasitotalitære religiøse rørsler: radikal islam og avansert liberalisme. Kvar Taliban ser seg sjølve kalla til å gjera slutt på alle sosiale autoritetar anna enn koranen og sharia, ser dei liberale av i dag seg kalla til å eliminere alle autoritetar med unnatak av ekspertise, rasjonelt byråkrati og marknaden. – James Kalb* 
Rasjonell liberalisme har opphøgd seg sjølv til ein absolutt autoritet, kvar guden Ingenting sitt øvst på trona.
Å gjera funksjonelle stereotypar og identitetar til det einaste som er noko verdt er å frårøve den store majoriteten eitkvart fundament for byrgskap i kva dei er, og å gjera posisjon og velstand til ein mani for ein energisk og talentfull minoritet. Ein slik situasjon frårøvar majoriteten alt verde og gjer dei verjelause mot overklassene, som manøvrerar for avansement medan dei nektar for menneskelege band som ville gjera dei ansvarlege for andre.

Kvifor er dette ein god ting? Den naturlege konsekvensen er misunning, snobberi, raseri, underdanning, sjølvsøking, apati, og brutalitet. Ei herskande klasse der medlemane definerer seg sjølve gjennom velstand, makt, formell utdanning og byråkratisk posisjon, ser kanskje ”stadfestande handling” som eit nødvendig angrep på trongsyn. Majoriteten, som manglar dei særskilde føremona som leiarane deira prydar seg sjølve med, og for kven slektskap, kjønn, etnisitet, religion og liknande framleis har ei meining, vert nødvendigvis ramma av omfattande program retta mot å øydeleggje verdien av fundamentale aspekt i liva deira. – James Kalb*
Konsumerismen, ein tynn og skinande garnityr rundt seinmoderniteten, slitast raskt bort i møte med arbeidsløyse og ressursveggen, slik vi til dømes ser det i Hellas. Attende stend ein med ein beksvart nihilisme. Multikulturalismen er inkje anna enn reinspika individualisme, der tradisjonar ikkje er meir verdsette enn individuelle preferansar, på lik line med eit merkeprodukt eller ein hobby.

Når rasande unge menn stirer ned i denne avgrunnen, til og med frårøva all identitet som mann, vender dei seg lett mot fascistiske rørsler. Difor gjer vi klokt i å tilby dei ein annan identitetsskapande realitet enn rasjonell liberalisme og multikulturalisme, noko heilt anna, ein motpol, multipolaritet.
Det viktige konseptet nous (intellekt) utviklet av den greske filosofen Plotin korresponderer til vårt ideal. Intellektet er ett og mangfoldig til samme tid, fordi det har mangfoldige forskjeller i seg selv—det er hverken ensartet eller et amalgam, men noe som i seg selv impliserer mange deler, med alle distinkte forskjeller ivaretatt. Fremtidens verden bør være noetisk—karakterisert av mangfold; forskjeller burde bekreftes som rikdom og fylde, og ikke som grunn for uunngåelige konflikter: mange sivilisasjoner, mange poler, mange senter, mange verdisett på én planet og i én menneskehet. Mange verdener.

Men det er de som har en annen agenda. Hvem er det som står mot et slikt prosjekt? De som ønsker å påtvinge ensartethet, det ene (amerikanske) levesett, En Verden. Og deres metoder er makt, fristelser, og overtalelse. De er mot multipolaritet. Så de er mot oss. – Aleksandr Dugin
Med stor tilfredse ser eg at helten min, arkitekten, filosofen og matematikaren Christopher Alexander, er multipolarist eller tradisjonalist. Om enn ikkje av intensjon, so av konsekvens. Aller tydelegast ser vi dette i mønster eller ”pattern” åtte i ”A Pattern Language”, eit tostjerners mønster.
MOSAIKK AV SUBKULTURAR:

Problem:  
Den homogene og udifferensierte karakteren til moderne storbyar drep all variasjon av livsstil og stengjer ute vokster av individuell karakter.  
Lausing:  
Gjer det som er mogleg for å bløma kulturar og underkulturar i byen, ved å bryte ned byen, så langt som mogleg, i ein stor mosaikk av små og forskjellige underkulturar, kvar ein med makt til å skapa sin eigenarta livsstil. Ver viss om at subkulturane er små nok, so at kvar einaste person har tilgjenge til den fulle variasjon av livsstilar i subkulturane nær sin eigen. 
Tradisjonelt i storbyane i verda, frå Singapore til San Francisco, har ulike folkegrupper funne saman etter etnisitet og kultur. Vi skal ikkje motarbeide dette, slik multikulturalistane gjer det. Tvert imot skal vi oppmode til at kvar etnisk gruppe dyrkar sin eigen kultur og identitet fullt ut, i eit finmaska nett av subkulturar, der folk frå forskjellige kulturar kan lære av kvarandre og respektere kvarandre på eit genuint vis.

Slik kan storbyane våre verta som miniatyrar av ei framtidig multipolar verd, der ein dyrkar fram ekte skilnadar som basisen for eit mangfald av rotekte kulturar, djupt planta i tradisjonane. Ingen dum ide i ei framtidig ressursskrinn verd, der berre dei rikaste vil ha råd til å reise rundt slik som unge ryggsekkturistar gjer det i dag.

Vi må kjempe for å få attende multipolare storbyar, regionar og nasjonar. Viss ikkje vil vi alle ende opp lik ein konturlaus grå masse, som å søkkje ned i ei bottenlaus myr.


*Mi oversetjing

Publisert hjå Kulturverk fredag 10. januar 2014.

No comments:

Post a Comment

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...