Wednesday, 15 March 2017

Den framsynte ser seg ofte bakover

Av Simen Bjørgen, direktør i Kulturminnefondet. Original artikkel her. I Dag og Tid.
Eg trur at nøkkelen til framtida er i det som er att etter fortida. - Bob Dylan

I meir enn tolv tusen år har det budd folk i det vi i dag kallar Noreg. Dei har budd her og brukt naturen rundt seg, blant anna til å skaffe seg mat og materiale. Dette har sett sine spor i landskapet og har gjeve oss eit stort mangfald av ulike kulturminne.

Vegetasjon, steingjerde, vegfar, bruer, stigar, bygningar og utmark er alle element som kan hjelpe oss til betre å forstå korleis generasjonane før oss har levd. Korleis dei har brukt og omskapt naturen til eit levande kulturlandskap.

Tenk deg om heimstaden din ikkje hadde nokon synlege og handfaste spor etter alle generasjonar menneske som har budd der før deg. Tenk deg ei reise til ein by, langs kysten, till ein fjelldal eller i ein fjord, der alle minner etter våre forgjengarar var borte. Tenk om alle spor etter menneske var nye å laga i vår tid. Det er vanskeleg å tenkje seg. Men det er eingong slik at kulturminna våre vil forsvinna fortare enn vi anar, dersom ingen ser verdien og nytta i å ta vare på den mangfaldige skatten som våre forgjengarar har gjeve oss ansvaret for å ta vare på.

Kulturminna og kulturmiljøa våre kan fortelje oss historier om korleis menneska før oss har levd og verka, korleis dei har tilpassa seg naturen. På den måten blir dei uerstattelege kjelder som vi i dag kan bruke for å tileigne oss kunnskap om fortida, men også som grunnlag for nye opplevingar. Ofte er kulturminna dei einaste kjeldene vi har som kan gje oss kunnskap om fortida.

Kvart einaste år vert forfalne kulturminne over heile landet forvandla til kontor, overnattingsplassar, serveringsstader, forretningslokale, kulturlokale, restaurerte turstigar, flytande båtar og malande møller. Bygningar vert også sett i stand for å brukast til bustadformål. Kulturminnefondet har no deltatt i 4000 istandsettingsprosjekt over heile landet. Både med økonomisk og fagleg hjelp til private eigarar av verneverdige kulturminne.

Interessa for å setja i stand kulturminna slår no alle tidligare rekordar. I år har meir enn 1200 prosjekt søkt Kulturminnefondet om økonomisk støtte. Det er 40 prosent fleire enn i 2016. Etter ein historisk vekst i den økonomiske ramma som er løyvd over Statsbudsjettet dei siste åra, kan Kulturminnefondet i år fordela 100 millionar kroner til prosjekt over heile landet.

Til alle tider har folk flytta inn og ut av landet vårt. Dette speglar seg også i kulturarven. Det har sett og set sitt preg på samfunnet, både når det gjeld språk, tradisjonar og skikkar, men også i form av fysiske spor – kulturminne.

I dagens Noreg ser vi eit langt større mangfald, både kulturelt, religiøst og verdimessig enn vi har gjort nokon gong tidlegare. Vi må skilje mellom innvandrarane som har kome til Noreg dei siste 40-50 åra og dei innvandrarane som kom for fleire hundre år sidan, og som i dag utgjer dei fem nasjonale minoritetane – jødane, kvenane, rom, romani og skogfinnane. Dei må ikkje forvekslast med samane, som har status som urfolk.

Samfunnet må ta vare på kulturminna etter alle desse gruppene, enten det dreiar seg om samane, dei nasjonale minoritetane eller dei nyare innvandringsgruppene.

Det er derfor viktig for Kulturminnefondet å samarbeide med dei enkelte gruppene slik at vi saman kan sikre deira kulturarv.

Vi må difor verdsetja dei mange private eigarane som vil ta vare på kulturminna i dette landet, dei som vil ta med seg ein del av fortida inn i framtida. I vår tid maktar vi knappast å forstå kva vi elles står i fare for å mista.
Å gløyme fortida si, er å leve som ein bekk utan kjelde, som eit tre utan rot. - Kinesisk ordtak

1 comment:

  1. Kanskje skriver jeg en dag essayet "Generasjonen som ikke så seg bakover" om etterkrigsgenerasjonen.

    ReplyDelete

Note: only a member of this blog may post a comment.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...